Heller kjøkkenbordsamtale enn styremøte.

av
Anne Kristin Bruns

Kva skjer med prioriteringane til ein leiar på bedehuset når ein startar i Agenda 1?

For mange er det ei aha-oppleving å starte Agenda 1 prosessen. Ikkje fordi det er noko grunnleggande nytt, men fordi ein vel å setje fokus på moglegheiter i staden for avgrensingar.
I møte med mange kvinner og menn i Rogaland har eg høyrt mange historier om korleis trua har fått nytt grunnlag, ny næring og ein kjenner ein optimisme på at Gud framleis kan bruke ein akkurat slik ein er.

Dette er historia til ein av deltakarane på Agenda 1:

Frå stress til kvilepuls

«Over fleire år har eg kjent stresset kome sigande. Det var atter ei ny møteveke på bedehuset, atter eit nytt styremøte. Eg var så lei av å arrangere, finne folk til alle moglege oppgåver, delta på planlegging og bruke mykje tid på møter. Eg stilte meg oftare og oftare spørsmålet om det er slik eg best kan dele tru og liv med andre som i dag ikkje har funne trua på Gud?

Ofte hadde eg eit dårleg samvit for at eg ikkje støtta opp om det som blei arrangert på bedehuset, og det hende at eg forlét familiesamlingar for å gå på bedehuset, fordi eg følte eg måtte. Vi måtte støtte opp under arbeidet, fekk eg ofte høyre.

Dette har snudd. Møtet med andre menneske er blitt viktigare, sjølv om eg framleis går på bedehuset.

Agenda 1 prosessen har gjeve meg erfaringar og opplevingar av at eg er fri til å gjere ”mi greie”. Eg kan få lov til å vere meg sjølv, og bruke meg sjølv i det å dele tru. Evangeliet er frigjerande og mykje enklare enn det eg trur vi har gjort det til. I mitt møte med folk rundt meg er det ikkje alltid at det er Jesus eg snakkar om, men når eg både har bedt og førebudd meg, kjem ofte dei gode samtalane. For min eigen del har det å vere ein del av Agenda 1 lærefellesskapet gjort at eg både er meir målbevisst, og samtidig meir avslappa i det å dele liv. Eg har faktisk tid til å ta den kaffikoppen, eller å stikke på eit spontant besøk til dei eg blir minna på. Kjøkkenbordet har fått ei tyding. Kor mange er det ikkje som har møtt Jesus rundt eit kjøkken- eller kaffibord?

Misjonal kvardag

Eg har fått hjelp til å tenke misjonalt og se korleis vi kan hjelpe kvarandre til å leve som læresveiner. Vi har fått praktisk og relevant undervisning, som ikkje tek frå oss motet, men som gjev oss tru på at det går an å nå nye menneske med evangeliet. Eg har fått eit større frimod til å leve som kvardagskristen. For det er det eg vil vera.

Agenda 1 har gjeve meg nye idear for å legge til rette for møteplassar mellom kristne og søkjande menneske, kanskje andre møteplassar enn det vi fyrst tenkjer på. Eg har sett at det er gjennom å vere meg sjølv, den eg er skapt til å vere, at eg oppdagar nye moglegheiter. Gjennom dette har eg fått vere open for nye måtar å dele liv og tru på.

Heilag stund

Nyleg var eg på besøk med nokre muslimske vener. Dei deler ikkje same trua, men har ei tru. Der midt i stova deira fekk eg dele teksten og innhaldet i Nordnorsk julesalme og det siste verset som lyder slik:

«Guds fred over fjellet og åsen. La det gro der vi bygge og bor.

Guds fred over dyran på båsen og ei frossen og karrig jord.

Du ser oss i mørketidslandet, du signe med evige ord.

Husan og fjellet og vannet og folket som leve her nord.»

Det var ei heilag stund. Eg trur ikkje eg hadde vore så bevisst eller oppteken av å dele det gode livet eg har med Gud og Jesus utan at eg over fleire år hadde vore med i fellesskapet som Agenda 1 legg til rette for.»


Dette er berre ei av fleire historier om korleis Agenda 1 prosessen og lærefelleskapsmetoda har vore til hjelp både for den personlege trua, men også for arbeidet og livet i kyrkjene. For oss som får lov til å arbeide med dette, gjev det håp og optimisme for framtida.

15
.
3
.
2018

Kommentarer

Siste blogginnlegg